Er du eit musikktalent?
Er du flink til å synga eller spela eit instrument? Då vil gjengen bak Ungdomens talentpris for Arna og Osterøy ha ein lydfil eller eit filmopptak frå deg.
Føremålet med prisen er å heidra unge, talentfulle og målbevisste ungdomar med ambisiøse haldningar innan eigen song- og/eller instrumentalutøving, skriv det som på folkemunne blir omtala som firarbanden. Dei fire er Arna Rotary, Arna Mållag, Folkeakademiet Arna og Edru Livsstil Arna.
Prisen skal gå til ein enkeltperson eller ei lita gruppe frå Arna eller Osterøy i alderen 15-25 år.
Søknadsfristen er 1. mars.
Som vanleg blir eit utval av dei påmelde inviterte til ein talentkonsert i april, der dei vil få høve til å visa fram kva dei kan og få tilbakemelding frå juryen. Vinnaren får eit diplom og 25 000 kroner som blir delt ut på ein konsert under kulturdagane i Arna 4. mai.
Den som ynskjer å delta, sender ei lydfil og ei kort skildring av seg sjølv til steinar.vatle@osteroy.kommune.no innan 1. mars 2025. Eit enkelt lydopptak eller filmopptak på mobil er tilstrekkeleg. I tillegg må kandidaten sende ein SMS til Steinar Vatle på telefon 950 76 362 og stadfeste at e-posten er sendt.
Premien er sponset av Norengros K.J. Busdal AS og Brask AS.

4. mars 2024
ØKONOMISK STØTTE TIL LOKALE LAG, FOREININGAR OG ORGANISASJONAR
Arna Rotary Klubb deler kvart år ut økonomisk støtte til lokale lag, foreininger og organisasjonar i Arna og på Osterøy.
28. september 2023
Støtte fra Arna Rotaryklubb
Arna Rotary klubb gav i år støtte til at det kunne lages fest for beboere i boliger for psykisk utviklingshemmede i Arna
14. mars 2023
PETS 2023 - Heder og ære til Arna Rotaryklubb
Helgen 10.-12. mars ble det arrangert PETS på Bryne.