Er du eit musikktalent?

Er du flink til å synga eller spela eit instrument? Då vil gjengen bak Ungdomens talentpris for Arna og Osterøy ha ein lydfil eller eit filmopptak frå deg.

Føremålet med prisen er å heidra unge, talentfulle og målbevisste ungdomar med ambisiøse haldningar innan eigen song- og/eller instrumentalutøving, skriv det som på folkemunne blir omtala som firarbanden. Dei fire er Arna Rotary, Arna Mållag, Folkeakademiet Arna og Edru Livsstil Arna.

Prisen skal gå til ein enkeltperson eller ei lita gruppe frå Arna eller Osterøy i alderen 15-25 år.

Søknadsfristen er 1. mars.

Som vanleg blir eit utval av dei påmelde inviterte til ein talentkonsert i april, der dei vil få høve til å visa fram kva dei kan og få tilbakemelding frå juryen. Vinnaren får eit diplom og 25 000 kroner som blir delt ut på ein konsert under kulturdagane i Arna 4. mai.

Den som ynskjer å delta, sender ei lydfil og ei kort skildring av seg sjølv til steinar.vatle@osteroy.kommune.no innan 1. mars 2025. Eit enkelt lydopptak eller filmopptak på mobil er tilstrekkeleg. I tillegg må kandidaten sende ein SMS til Steinar Vatle på telefon 950 76 362 og stadfeste at e-posten er sendt.

Premien er sponset av Norengros K.J. Busdal AS og Brask AS.


 
Bekjempelse av polio i 2023-2024

19. februar 2025

Bekjempelse av polio i 2023-2024

På klubbmøte 17. februar var guvernør Rolf Thingvold på besøk.

Er du eit musikktalent?

14. februar 2025

Er du eit musikktalent?

Musikktalent 2025.

Sigrid Molkdestad m/2 musikere

7. februar 2025

Sigrid Molkdestad m/2 musikere

Avslutningskonsert under kulturdagane i Arna 2025.

Årets eldrefest

17. januar 2025

Årets eldrefest

Tradisjonar er gode å ha, og gode tradisjonar er viktig å halde i hevd

Julekasser

1. januar 2025

Julekasser

Hvert år deler Arna Rotaryklubb ut julekasser til ulike bedrifter i Arna og på Osterøy.

TV-aksjonen 2024

20. oktober 2024

TV-aksjonen 2024

Søndag 20. oktober gjennomførte Arna Rotaryklubb TV-aksjonen i Arna bydel.

Pizzafest for bofellesskapene i Arna

16. oktober 2024

Pizzafest for bofellesskapene i Arna

Tirsdag 24. september inviterte Arna Rotaryklubb til pizzafest på Øyrane Torg.

17. september 2024

ØKONOMISK STØTTE TIL LOKALE LAG, FOREININGAR OG ORGANISASJONAR

Arna Rotary Klubb har som motto 'Å gagne andre' og deler kvart år ut økonomisk støtte til lokale lag, foreininger og organisasjonar i Arna og på Osterøy.

Ny president for rotaryåret 2024/2025

12. august 2024

Ny president for rotaryåret 2024/2025

Mandag 24. juni var det presidentskifte i Arna Rotaryklubb

Takk til foredragsholdere 2023/2024

12. august 2024

Takk til foredragsholdere 2023/2024

Arna Rotary klubb vil med dette takke alle foredragsholdere og bedrifter som har tatt imot oss på besøk i Rotary året 2023-24