Talentpris for Arna og Osterøy 2020
Koronaviruset klarte ikkje å stoppe årets talentpris, men det vart ei litt anna ramme rundt utdelinga av prisen enn planlagt. Mandag 27 april fekk prisvinnaren, Hannah Moira Midtbø – Bruner, tildelt prisen i ei nesten tom Arna kyrkje.
.
Til stades var berre kulturkonsertkomiteen, representant for sponsoren Norengros AS, juryen og Bygdanytt, men stemninga var det ingenting å seie på då Hannah gav ein overbevisande minikonsert for ei handfull tilhøyrarar.
Hannah er 17 år gamal, og busett på Osterøy med kanadisk far og norsk mor. I grunngjevinga frå juryen står det mellom anna at søkjaren har stor interesse for norsk folkemusikktradisjon gjennom hardingfele- og flatfelespel, men syner og interesse for kanadisk folkemusikk og klassisk fiolin. Søkjaren får undervisning på høgt nivå i alle tre stilartar. Ho har deltatt i folkemusikkonkurransar både i Canada og Noreg med svært gode resultat bla med prisar både frå kappleikar i Noreg og meisterskap i Canada.

Hannah er aktiv både som soloutøvar og som medlem i ulike gruppe- og orkesterensembler. Søkjaren har ein klar ambisjon om å gjere musikk til eit levebrød gjennom vidare musikkutdanning, og har og mål om å bruke talentet sitt til å motivere barn og unge til å bli kjend med både folkemusikk og klassisk musikk.
Vi applauderer og gratulerer.
Bilete 1: Ove Skjoldal delte ut prisen på vegne av komiteen for kulturkonserten
Bilete 2: Hannah speler for ei nesten tom Arna Kyrkje

4. mars 2024
ØKONOMISK STØTTE TIL LOKALE LAG, FOREININGAR OG ORGANISASJONAR
Arna Rotary Klubb deler kvart år ut økonomisk støtte til lokale lag, foreininger og organisasjonar i Arna og på Osterøy.
28. september 2023
Støtte fra Arna Rotaryklubb
Arna Rotary klubb gav i år støtte til at det kunne lages fest for beboere i boliger for psykisk utviklingshemmede i Arna
14. mars 2023
PETS 2023 - Heder og ære til Arna Rotaryklubb
Helgen 10.-12. mars ble det arrangert PETS på Bryne.