Eldrefest 9. januar 2023

Arna Rotary Klubb arrangerte eldrefest.

Ein av Arna Rotary Klubb sine aller kjekkaste aktivitetar, kanskje den aller kjekkaste, kunne endeleg finne stad igjen måndag 9. januar. Då kunne klubben igjen arrangera eldrefest for mange hyggelege seniorar i Arna. Heile 91 personar takka ja til å delta på festen, og i god tradisjon blei så godt som alle henta av klubben sine medlemer og kjørt til og frå Kyrkjelydshuset i Arna.

 Ein ikkje ukjend pandemi dei siste åra har gjort at det ikkje har vore mogleg å arrangera denne festen sidan januar 2020. Etter varm velkomst frå leiar i festkomiteen Ingeborg Eliassen, og ei engasjert helsing frå Rotary-klubben ved president Anne-Britt Hauge, inneheld festen dei «faste postane», som gode smørbrød med velsmakande varm sjokolade til, vakker korsong ved Haukeland Songlag, og seinare kaffe og tebrød. Og innimellom dette kåserte Rotary-medlem Siv Lekven med interessante tankar omkring det å bli eldre, tilhøva mellom generasjonar etter som åra går, og spesielt kor viktig hennar erfaring er når det gjeld korleis besteforeldre og barneborn finn ut av dette saman.

 Haukeland Songlag er nemnt, og det er imponerande å oppleve kor velvillig dei stiller opp år etter år på denne festen med sin gode korsong. Stor takk også til Jan Erik Reknes som stiller opp og trakterer pianoet både til allsongen og fin bakgrunnsmusikk.

 Rotary sitt motto er «Å gagne andre». Eldrefesten er eit godt døme på akkurat det.


 
Bekjempelse av polio i 2023-2024

19. februar 2025

Bekjempelse av polio i 2023-2024

På klubbmøte 17. februar var guvernør Rolf Thingvold på besøk.

Er du eit musikktalent?

14. februar 2025

Er du eit musikktalent?

Musikktalent 2025.

Sigrid Molkdestad m/2 musikere

7. februar 2025

Sigrid Molkdestad m/2 musikere

Avslutningskonsert under kulturdagane i Arna 2025.

Årets eldrefest

17. januar 2025

Årets eldrefest

Tradisjonar er gode å ha, og gode tradisjonar er viktig å halde i hevd

Julekasser

1. januar 2025

Julekasser

Hvert år deler Arna Rotaryklubb ut julekasser til ulike bedrifter i Arna og på Osterøy.

TV-aksjonen 2024

20. oktober 2024

TV-aksjonen 2024

Søndag 20. oktober gjennomførte Arna Rotaryklubb TV-aksjonen i Arna bydel.

Pizzafest for bofellesskapene i Arna

16. oktober 2024

Pizzafest for bofellesskapene i Arna

Tirsdag 24. september inviterte Arna Rotaryklubb til pizzafest på Øyrane Torg.

17. september 2024

ØKONOMISK STØTTE TIL LOKALE LAG, FOREININGAR OG ORGANISASJONAR

Arna Rotary Klubb har som motto 'Å gagne andre' og deler kvart år ut økonomisk støtte til lokale lag, foreininger og organisasjonar i Arna og på Osterøy.

Ny president for rotaryåret 2024/2025

12. august 2024

Ny president for rotaryåret 2024/2025

Mandag 24. juni var det presidentskifte i Arna Rotaryklubb

Takk til foredragsholdere 2023/2024

12. august 2024

Takk til foredragsholdere 2023/2024

Arna Rotary klubb vil med dette takke alle foredragsholdere og bedrifter som har tatt imot oss på besøk i Rotary året 2023-24