Arna Rotary Klubb tildeler Geir Kleiveland Paul Harris Fellowship for sin innsats

Geir Kleiveland har i ei årrekkje vore ei drivande kraft i formidling av mellom anna Osterøy si historie.

Geir Kleiveland er fødd i 1948 og er utdanna cand.philol frå Universitetet i Bergen i 1975. Etter det arbeidde han som lektor ved Osterøy Ungdomsskule til 1990. I 1991 starta han arbeidet med bygdebok i tre bind for Naustdal i Sunnfjord, og sidan utarbeidde han gards- og ættesoge for Meland, også det i tre bind. Men det er først og fremst i arbeidet med å dokumentera og presentera Osterøy si historie han har gjort ein uvurderleg innsats.

Han vart leiar i Osterøy Sogelag i 1986, eit verv han framleis har, og han har sidan 1989 vore med i skriftstyret for den årlege publikasjonen «Osterøy i soge og samtid» som Sogelaget står bak. Han har vidare  skrive ei rekkje bøker om ulike sider ved Osterøy si historie, og han har også vore med i skriftstyret for fleire publikasjoner om Osterøy generelt og hendingar og tilhøve på Osterøy spesielt.

Det kan her nemnast bøker som «Bygda gjennom tidene» der han skriv om Hauga-bygda frå eldste tider til i dag, «Ein våg me veit om» om Mjøsvågen i Hosanger, «Osterøy Bygdebok» i fleire bind, og «Osterøy til fots». Han har dessutan vore redaktør for boka «Vegalangs på Osterøy» og «Fram i hundre» der soga til Ungdomslaget Fram blir presentert, mellom anna.  
Geir har i mange år vore ein svært ettertrakta føredragshaldar, både på Osterøy Museum, Osterøy og   Arna Senioruniversitet, og ulike lag og organisasjonar elles. Spesielt hans glimrande presentasjon av historia til Herlandsfossen Kraftverk går det gjetord om. Han har også vore gjest hjå oss i Arna Rotary Klubb, der han snakka om industriutvikling på Osterøy i eit historisk perspektiv. Og det var særleg slik vi i klubben vår vart klar over Geir sitt omfatande arbeid med historiedokumentasjon, noko som me er viss på gjer at han er ein verdig mottakar av utmerkinga Paul Harris Fellow.

Eit anna engasjement som Geir Kleiveland brukte mykje tid på i si tid, var ungdomslagsarbeid, både i det lokale ungdomslaget «Fram» på Hauge, og også i ein periode  som leiar I Hordaland Ungdomslag. 

 
Utdanningsmessen 2025 i Bjørnarhallen

31. oktober 2025

Utdanningsmessen 2025 i Bjørnarhallen

Årets Utdanningsmesse i Bjørnarhallen er torsdag 13. november.

Et lys i mørke - Rotary vil alltid søke å gjøre en forskjell

23. september 2025

Et lys i mørke - Rotary vil alltid søke å gjøre en forskjell

Der hvor invasjonsmakten rykker inn, dør og lider barn og sivile. Barneskoler blir raidet og skolemateriell blir erstattet med russiske bøker. Kommende generasjonen blir frarøvet både kultur og språk.

18. september 2025

ØKONOMISK STØTTE TIL LOKALE LAG, FOREININGAR OG ORGANISASJONAR

Arna Rotary Klubb har som motto 'Å gagne andre' og deler kvart år ut økonomisk støtte til lokale lag, foreininger og organisasjonar i Arna og på Osterøy.

Ny president for Rotaryåret 2025/2026

4. juli 2025

Ny president for Rotaryåret 2025/2026

Mandag 30. juni var det presidentskifte i Arna Rotaryklubb.

Takk til foredragsholdere og bedrifter vi har besøkt i 2024/2025

4. juli 2025

Takk til foredragsholdere og bedrifter vi har besøkt i 2024/2025

I Rotaryeåret 2025/2025 har vi hatt besøkt av 10 foredragsholdere og besøkt 3 bedrifter.

RYLA Vest 2025 arrangeres 26. - 28. september - Noe for deg?

22. mai 2025

RYLA Vest 2025 arrangeres 26. - 28. september - Noe for deg?

RYLA er et tre-dagers seminar med fokus på egenutvikling for unge mennesker som ønsker å bli ledere eller fortsette å utvikle seg som leder.

Our Children Learning - Støtte fra Arna Rotaryklubb

21. mai 2025

Our Children Learning - Støtte fra Arna Rotaryklubb

På klubbmøte mandag 20. mai hadde vi besøkt av Ousmane Kabo og Jarle Lysebo som fortale om Our Children Learning.

Sansehagen ved Arna helseheim

15. mai 2025

Sansehagen ved Arna helseheim

Arna Rotaryklubb har gjennomført årets dugnad i Sansehagen.

Konsert i Arna kirke og utdeling av ungdommens talentpris

5. mai 2025

Konsert i Arna kirke og utdeling av ungdommens talentpris

Søndag 4. mai var det konsert i Arna kirke.

Påskekos for de psykisk utviklingshemmede i Arna

22. april 2025

Påskekos for de psykisk utviklingshemmede i Arna

Tirsdag 15. april var Arna Rotaryklubb med på arrangement for de psykisk utviklingshemmede i Arna.